Strikkekaféen populær

Stadig fleire finn vegen til strikkekaféen i kyrkja på Åkra. – Det er tydeleg at dette er populært, seier dei som kyrkjebladet trefte ein mørk måndagskveld i februar.

Klokka 19.00 første måndagen kvar månad samlast unge og gamle til hyggetreff i kyrkjestova. Aldaren har variert frå 18 til 83, får me vita, og her er det ein fin miks av innfødde og tilflyttarar. Ikkje minst er det fleire innvandrarar som synest at dette er kjekt. Anne Kristine Lindstad er ei av fleire som står for tiltaket. Ho fortel at det er eit ganske uformelt opplegg. – Me strikkar, syr og pratar. Så blir det servert kaffi, te og mat, før me har ei stille og fin avslutning med lystenning, seier Anne Kristine, som er nøye med å understreke at her er det plass til endå fleire. 4. april, 2. mai og 6. juni er kaféen open igjen.

MF

 

23.02.2016